Veka.no Les om historien til sauen Gå til adminsidene

Datarocka Rokken

27. oktober 2009

datahopp

Det lokale bandet Eskimo og Bergens svar på Robyn, Karin Park, leverte begge gode sett på Rokken måndag. Men det var det verdskjende bandet Datarock folk venta på, og dei viste til fulle kvifor.

”Er de klare for å danse?” ropte Fredrik Saroea, Mr. Datarock, då dei gjekk på scena ved midnatt måndag. Publikum var meir enn klare der dei klappa med frå første song, ”Give it up.” Bandet heldt vidare fram med det dei har blitt verdskjente for; ekstatisk dansing, pulserande rytmar, humoristiske tekstar, 80-talsreferanser, hopping i raude joggedressar og publikumsfrieri. Dette er fenomenet Datarock. Men bandet Datarock leverte også denne kvelden. Dei var godt samspelte, og at dei har turnert i eitt sett dei siste tre-fire åra viser igjen i den proffe framføringa. Saksofontonane tilførte eit ytterlegare 80-talselement og løfta låtane. Spesielt trommeslagaren Tarjei Strøm, kjent frå Ralph Myerz and The Jack Herren Band, imponerte med eit veldig driv og energi. Han hadde bursdag denne dagen, noko som ikkje gjekk upåakta hen. Bursdagssongen vart eit av ekstranummera til Datarock.

datarocker

Ingen i Datarock var redde for å kle av seg på scena.

Det er framleis songane frå førsteplata ”Datarock Datarock” som begeistrar mest. ”Sex me up” (som Saroea hevdar handlar om ei jente frå Volda), ”Princess”, ”Computer camp love” og ”I used to dance with my daddy” slo alle an hjå publikum. Nokre av dei var speeda litt opp i forhold til plateversjonane og det fungerte bra live. Då Saroea spelte opningsriffet til monsterhiten ”Fa-fa-fa” vakna Rokken verkeleg til live. Vokalisten tok av seg på overkroppen, publikum prøvde å crowdsurfe, og det var nærast ikkje ei sjel i lokalet som ikkje rørte på seg.

Songane frå den nye plata ”Red” sat ikkje like godt, verken hjå bandet eller publikum, men då var stemninga allereie sett og ingen kunne øydeleggje kvelden for dei dansehungrige studentane. Datarock leverte og spelte i over éin og éin halv time, og konserten vil nok heilt sikkert stå igjen som eit Veka-høgdepunkt for mange.

Terningkast: 5

2 kommentarar til “Datarocka Rokken”

  1. elvis seier:

    “dei hadde også med seg ein saksofonist…” til opplysning er denne saksofonisten altså Kjetil Møster, som for øvrig har vært med i bandet fra tidenes morgen…

  2. Bobby Grey seier:

    Kverulant

Legg inn kommentar


Finn VEKA-sauen (konkurranse)
Presseomtale - Veka i media
Get the Flash Player to see this rotator.
artister CC Cowboys Datarock Farmers Market Egil Olsen Harrys Gym I was a King Bygdin Di derre Yoga Fire Høgskulen i Volda Expert Rokken Studentsamskipnaden for Sunnmøre Nordea Volda Handelsforeining
Veka on Facebook